Trenden held fram - Gjesdal veks

Klikk for stort bilde Solås barnehage

Det er gledeleg at veksten held fram, seier ein nøgd rådmann med befolkningstala som blei publisert for første kvartal 2019. Per 30. april er vi 11 949 Gjesdalbuar og det er «all time high».

Det betyr at vi blei 50 nye innbyggjarar i perioden 1. januar til og med 30 april. Desse fordeler seg slik: Fødselsoverskot 27 (49 fødde minus 16 døde) og nettoinnflytting 23 (141 flytta inn minus 118 som flytta ut).

I Rogaland er det Bokn, Sola, Rennesøy, Sandnes og Randaberg som har større prosentvekst enn oss. Bokn hadde 1,07 %, Sola, 0,76 %, Rennesøy 0,54 % og Gjesdal på 0,42 %.

Vi må tilbake til 2015 for å finne eit kvartal med større vekst enn 50 innbyggjarar, seier økonomisjef Bjarte Madland. Større vekst gir oss eit betre økonomisk handlingsrom så vi håpar dette held fram, sier ein nøgd økonomisjef. Om denne veksten held fram gjennom heile året blir veksten samla i underkant av 2%.

Vi har ledig kapasitet både i barnehagar og skolar, så berre kom til Gjesdal, seier kommunalsjefen for Oppvekst, Jone Haarr og økonomisjef, Bjarte Madland i kor.

Fant du det du lette etter?
 
  • TelefonBilde 51 61 42 00
  • PostboksBilde Rettedalen 1, 4330 Ålgård
  • Besøksadr: Rettedalen 1
  • Komm.nr. 1122
  • Org.nr. 964978573